dc.description.abstract | Med heimel i veglova § 50 fjerde ledd blei det ved kronprinsregentens resolusjon av 15. januar 1965 vedtatt føresegner om saksførehavinga ved eigedomsinngrep. Etter at veglova § 50 blei endra i 1981, blei det ved kongeleg resolusjon av 11. september 1981 vedtatt nye føresegner om saksførehavinga. Desse føresegnene blei, saman med kommentarar til dei enkelte paragrafane, inntatt i handbok 086 Eigedomsinngrep, datert oktober 1981.
Ved kongeleg resolusjon av 27. august 2004 blei §§ 3 og 4 i desse føresegnene endra. Endringane blei gjort hovudsakleg fordi Vegvesenet sin planleggingsheimel i veglova § 12 er oppheva, og fordi plan- og bygningslova er endra.
Denne handboka inneheld føresegnene slik dei lyder etter endringa. Vidare inneheld den kommentarar til føresegnene. Kommentarane er noko omarbeidd i høve til dei som blei tatt inn i den førre utgåve av handboka også på punkt der det ikkje er gjort endringar i føresegnene. | nn_NO |