E39 Rogfast : tunnelventilasjon og luftkvalitet
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2655062Utgivelsesdato
2012-06-28Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rogfast er ein 26,7 km lang undersjøisk dobbel-tunnel som er under planlegging på E39 mellom Randaberg og Bokn i Rogaland. Tunnelen går ned til 392 m under havet. Frå Kvitsøy blir det ein 4 km lang tunnel ned til eit kryss om lag midt i tunnelen, ca. 270 m under havnivå.
Tunnelen får langslufting med trafikkretninga. Det blir avtrekk av brukt luft og inntak av frisk luft gjennom tre doble sjakter. Ventilasjons-anlegget blir dimensjonert for ein maksimal trafikk på 750 køyretøy/time i kvar retning i 2025.
Rapporten inneheld ei orientering om ventila-sjonsprinsipp, luftkvalitet og utslepp av eksos.
Låg bergtemperatur og fuktig luft kan medføre kondensproblem i sommarhalvåret. Aktuelle tiltak må vurderast ved detaljprosjektering av tunnelen.