Losnemekanismar og utløp til steinsprang og steinskred ved E6 Langnesberga
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3092425Utgivelsesdato
2023-04Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Avhandlinger [75]
Sammendrag
Frå 2006 til og med 2022 er det registrert 33 steinsprang og steinskredhendingar på E6 ved Langnesberga i Trøndelag, ein av Noregs hovudfartsårer. Skreda påverkar trafikken, og har fleire gonger stengt vegstrekninga. Dei fleste steinspranga som er registrert har ein størrelse < 1 m3, men eitt steinskred 13. mars 2022 har anslått volum 1000-1200 m3. I tillegg til stenging av vegen utgjer skred på vegen fare for liv og helse. Det er derfor av interesse for Statens Vegvesen å kartlegge losnemekanismar og utløp til potensielle skred langs strekninga. For å vurdere losnemekanismar og potensielle utløp er følgande utført: skrivebordstudie av eksisterande informasjon, fire dagar feltarbeid med sprekkemålingar, kartlegging av svakheitssoner og kartlegging av tidlegare skredhendingar, kinematiske analysar i Dips og StnParabel og modellering av utløp i StnParabel, Rockyfor3D og RAMMS::Rockfall. Bergmassen i skråninga over E6 består i hovudsak av svært oppsprokke berg med mindre områder med kompakt berg mellom. Skråninga har strøk mot nordaust og bratt fall, strøk og fall varierer noko langs strekninga, men er rundt 060/80. Det er til saman identifisert tre sprekkesett. Sprekkesetta som er identifisert har strøk/fall 342/89, 252/27 og 069/57. I tillegg er det mange svakheitssoner i området. Eit sett med gjennomsettande storskala svakheittssoner har orientering SV-NA, desse sonene har stor påverknad på terrenget i området. I tillegg er det målt to sett med svakheitssoner med strøk/fall 329/86 og 044/85. Orienteringa til svakheitssonene stemmer bra overeins med regionalgeologien og storskala forkastingar skildra av Heim (1997). Oppsprekkinga og svakheitssonene gjer at det er fleire moglege losnemekansimar. I område med meir intakt berg kan ein forvente vanlege losnemekanismar som planutgliding, kileutgliding og utvelting. Kinematiske analysar i StnParabel og Dips vil gje truverdige resultat i desse områda. Alle losnemekansimane er moglege. Direkte utvelting er ut i frå Dips mest aktuelt, medan kileutgliding er mest aktuelt ut i frå StnParabel. Ved utfall av mindre steinsprang, der berre ei eller to mindre steinar/blokker med totalt volum < 1 m2 fell ut, er det mest truleg slike enkle losnemekanismar som er aktuelle. I svakheitssoner og meir oppsprokken bergmasse har dei tradisjonelle losnemekansimane truleg mindre påverknad, og utgliding skjer langs fleire ulike plan som saman dannar eit glideplan. I tillegg til bergmassen sin kvalitet påverkar også klima i området losnemekansimane. Vind som påverkar skogen kan gi rystelsar og rotvelte, noko som kan føre til mindre steinspranghendingar. Modelleringar av utløp med blokkstorleik 0,5 m3 i Rockyfor3D og RAMMS::Rockfall, og 1 m3 i StnParabel viser at utløp frå aktuelle losneområder når store delar av den undersøkte strekninga. Utløpsmodelleringane er utført med blokker på 0,5m3 og 1 m3, fordi blokker £ 1m3 er hyppigast registrert langs strekninga og det er denne blokkstørrelsen det er mest realistisk å sette opp sikring for. Utløp frå vegskjeringa rett ovanfor E6 er vurdert å ikkje påverke skredfaren på E6 i stor grad, sidan mesteparten av utløpa vert stoppa av brei grøft. Modelleringa viser også at mesteparten av utløpa som når E6 har losneområde lågare enn 150 moh. Eitt flatt parti ved ca. 150 moh. bremsar og stoppar dei fleste utløpa ovanfrå. Registreringar viser auka hyppigheit av skredhendingar langs strekninga, men dette kjem truleg av endra rutinar på registreringar og ikkje hyppigare skredhendingar. Under feltarbeidet vart det observert mosekledde urar over E6, dette tyder på lite fersk aktivitet og at det truleg var høgare aktivitet på eit tidlegare stadium.