Deponering av tunnelmasse i sjøen
Research report

View/ Open
Date
2005-11Metadata
Show full item recordCollections
- Teknologirapporter [132]
Abstract
Bogstunnelen er ein del av E39 og ligg mellom Vadheim og Lavik i Høyanger kommune, Sogn og Fjordane. Tunnelen er om lag 3,5 km lang og vart opna for trafikk i juni 2004. I planane for utbygginga var det lagt opp til å deponere delar av tunnelmassane via lekter i sjøen ved Bogen. Det viste seg å vera vanskeleg å dokumentere tilstrekkelig sikkerheit i samband med å byggje veg ned til sjøkanten/lekter, og det vart difor starta med deponering ved tipping direkte frå E39. Til saman vart det deponert om lag 58.000 fm³ tunnelstein i Vadheimsfjorden ved Bogen. Hellinga på terreng og sjøbotnen i det aktuelle området er om lag 40 °. Undervegs var det tendens til at det ville byggja seg opp massar over sjøkanten, men massane sklei etter kort tid ut på djupet. Det vart føreteke målingar med ekkolodd både før, under og etter at tippinga var avslutta. Målingane viste at massane har sklidd ut på djupet, og at det var berre små mengder stein som låg att over kote - 80.