Syklistars hastigheit ved vinterforhold
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3091813Utgivelsesdato
2019-06Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Avhandlinger [75]
Sammendrag
Det har dei siste åra vore eit aukande fokus på å få fleire til å velja sykkelen som transportmiddel. Særleg om vinteren har det lenge vore tradisjon å setja vekk sykkelen, ettersom vinteren medfører utfordringar som kulde, dårleg føre og glatte vegar. Statens vegvesen har derfor auka fokuset på tilrettelegging for sykling gjennom heile året, gjennom betra vinterdrift av gang- og sykkelanlegg. Ulykkesstatistikken viser at den relative risikoen for sykkelulykker er lågare om vinteren enn om sommaren. Dette kan tyda på at dei som syklar om vinteren er erfarne syklistar, men det kan òg tyda på at syklistane er meir forsiktige om vinteren. Eit interessant tema er dermed å finna ut kva som kjenneteiknar den typiske vintersyklisten, og korleis hastigheita blir tilpassa den kalde årstida. Vinterveg er eit utrykk for mange ulike typar vegunderlag. Sjølv om Statens vegvesen bruker mykje tid og ressursar på vinterdrift, er det framleis strekningar kor syklistane må opphalda seg på vegunderlag som inneheld snø, is eller slaps. Dette gjer det mogleg å observera vintersyklistar på forskjellige typar vintervegar, for å sjå korleis sykkelhastigheita blir påverka av vinterforhold. Det er tidlegare gjennomført studiar som viser nedgang i gjennomsnittshastigheit om vinteren, men det er ikkje funne litteratur på korleis spesifikke vegunderlag påverkar hastigheita for syklistane. Hastigheitsregistreringar vart gjennomført mellom januar og april i Trondheim, Noreg. Data vart samla inn gjennom manuelle observasjonar, kor mellom anna hastigheit, kjønn, aldersgruppe og type sykkel vart registrert. Hastigheita til 1120 syklistar vart målt på ulike typar vinterføreforhold ved hjelp av ein radar. Analyse av hastigheitsdataa vart seinare gjennomført, kor det blant anna vart sjekka om gjennomsnittshastigheita var forskjellig ved ulike føreforhold med statistisk signifikans. I tillegg vart det utført regresjonsanalysar for å sjå kor mykje hastigheita endra seg ved ulike føreforhold, for ulike typar syklistar. Ei slett overflate av kompaktert snø viste seg å vera eit vegunderlag med nesten lik gjennomsnittshastigheit som på bar mark. Dersom det derimot låg laus snø på vegbana av kompaktert snø, viste regresjonsmodellen ei tydeleg nedgang i forventa hastigheit. Det same gjaldt for slaps, noko som kan vera ein effekt av høgare rullemotstand. I nedoverbakke vart den forventa hastigheita tydeleg redusert på alle typar vinterføre. Menn i aldersgruppa 30 – 50 år var kategorien med syklistar som var minst påverka av vinterføre, og som hadde den høgaste gjennomsnittshastigheita. Denne kategorien hadde i tillegg høgare del syklistar med spesielt utstyr (el-sykkel, piggdekk, lykt, hjelm og refleksvest) enn den gjennomsnittlege syklisten.
Beskrivelse
Syklistars hastigheit ved vinterforhold