dc.contributor.author | Skilbrei, N. | |
dc.coverage.spatial | Norge | en_US |
dc.date.accessioned | 2024-10-08T13:40:25Z | |
dc.date.available | 2024-10-08T13:40:25Z | |
dc.date.issued | 1984-04 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3157042 | |
dc.description | Veg på ekspandert polystyren | en_US |
dc.description.abstract | Rapporten gjeld omlegging av Rv. 610 over eit myrområde ved Sande i Sunnfjord. Under eit 2-5 m tykt torvlag er det blaut siltig leire ned til eit fastare lag (truleg friksjonsmasser) over fjell. Det er inntil 10-12 m djupt til fast grunn. Masseutskifting så djupt vil bli dyrt då det er mangel på erstatningsmasser og vanskeleg fordi fortrengning kan skade hus i området. Etter å ha vurdert alternative løysningar valde ein (vegkontoret i samråd med Veglaboratoriet) å bygge vegen på skumplast over ein ca. 200 m lang myrstrekning. Etter utgraving av torvmassene vart det avretta med sagflis i botnen før legging av skumplast. Skumplasten vart lagt i 2 lag (2 x 0,5m) med utkiling til 1 lag (0,5m) i begge endar. Over skumplasten vart det støypt ei 15 cm tykk betongplate med u.k/o.k armering. For å unngå setningar har ein prøvt å tilpasse grave-/ drensnivå og laster slik at vegen ikkje medfører til-leggslast på grunnen under skumplasten. Samtidig må ein sikre at tyngda av vegen er større enn maksimal oppdrift ved flaum. Dette var eit problem i byggeperioden før ein fekk på full last (betongplate + overbygning) over skumplasten då det var heilt uvanlege nedbørsmengder hausten 1983. Det er montert setningsboltar langs begge vegkantar. Etter 4 mnd. var det målt ca. 3 cm setning og mesteparten av dette skriv seg truleg frå avrettingslaget av sagflis. Kostnaden for denne vegen ligg på omlag kr. 5000,- pr. m. | en_US |
dc.language.iso | nob | en_US |
dc.publisher | Statens vegvesen | en_US |
dc.relation.ispartofseries | Intern rapport;1160 | |
dc.rights | Attribution-NoDerivatives 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by-nd/4.0/deed.no | * |
dc.title | IR nr. 1160, Veg på ekspandert polystyren | en_US |
dc.type | Report | en_US |
dc.source.pagenumber | 22 | en_US |