IR nr. 1160, Veg på ekspandert polystyren
Abstract
Rapporten gjeld omlegging av Rv. 610 over eit myrområde ved Sande i Sunnfjord. Under eit 2-5 m tykt torvlag er det blaut siltig leire ned til eit fastare lag (truleg friksjonsmasser) over fjell. Det er inntil 10-12 m djupt til fast grunn. Masseutskifting så djupt vil bli dyrt då det er mangel på erstatningsmasser og vanskeleg fordi fortrengning kan skade hus i området. Etter å ha vurdert alternative løysningar valde ein (vegkontoret i samråd med Veglaboratoriet) å bygge vegen på skumplast over ein ca. 200 m lang myrstrekning. Etter utgraving av torvmassene vart det avretta med sagflis i botnen før legging av skumplast. Skumplasten vart lagt i 2 lag (2 x 0,5m) med utkiling til 1 lag (0,5m) i begge endar. Over skumplasten vart det støypt ei 15 cm tykk betongplate med u.k/o.k armering. For å unngå setningar har ein prøvt å tilpasse grave-/ drensnivå og laster slik at vegen ikkje medfører til-leggslast på grunnen under skumplasten. Samtidig må ein sikre at tyngda av vegen er større enn maksimal oppdrift ved flaum. Dette var eit problem i byggeperioden før ein fekk på full last (betongplate + overbygning) over skumplasten då det var heilt uvanlege nedbørsmengder hausten 1983. Det er montert setningsboltar langs begge vegkantar. Etter 4 mnd. var det målt ca. 3 cm setning og mesteparten av dette skriv seg truleg frå avrettingslaget av sagflis. Kostnaden for denne vegen ligg på omlag kr. 5000,- pr. m.
Description
Veg på ekspandert polystyren