Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJonsson, Thomas
dc.contributor.authorSandven, Øyvind
dc.coverage.spatialNorwayen_US
dc.date.accessioned2020-09-10T10:34:24Z
dc.date.available2020-09-10T10:34:24Z
dc.date.issued2019-06
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2677221
dc.description.abstractDet har dei siste åra vore eit aukande fokus på å få fleire til å velja sykkelen som transportmiddel. Særleg om vinteren har det lenge vore tradisjon å setja vekk sykkelen, ettersom vinteren medfører utfordringar som kulde, dårleg føre og glatte vegar. Statens vegvesen har derfor auka fokuset på tilrettelegging for sykling gjennom heile året, gjennom betra vinterdrift av gang- og sykkelanlegg. Ulykkesstatistikken viser at den relative risikoen for sykkelulykker er lågare om vinteren enn om sommaren. Dette kan tyda på at dei som syklar om vinteren er erfarne syklistar, men det kan òg tyda på at syklistane er meir forsiktige om vinteren. Eit interessant tema er dermed å finna ut kva som kjenneteiknar den typiske vintersyklisten, og korleis hastigheita blir tilpassa den kalde årstida. Vinterveg er eit utrykk for mange ulike typar vegunderlag. Sjølv om Statens vegvesen bruker mykje tid og ressursar på vinterdrift, er det framleis strekningar kor syklistane må opphalda seg på vegunderlag som inneheld snø, is eller slaps. Dette gjer det mogleg å observera vintersyklistar på forskjellige typar vintervegar, for å sjå korleis sykkelhastigheita blir påverka av vinterforhold. Det er tidlegare gjennomført studiar som viser nedgang i gjennomsnittshastigheit om vinteren, men det er ikkje funne litteratur på korleis spesifikke vegunderlag påverkar hastigheita for syklistane. Hastigheitsregistreringar vart gjennomført mellom januar og april i Trondheim, Noreg. Data vart samla inn gjennom manuelle observasjonar, kor mellom anna hastigheit, kjønn, aldersgruppe og type sykkel vart registrert. Hastigheita til 1120 syklistar vart målt på ulike typar vinterføreforhold ved hjelp av ein radar. Analyse av hastigheitsdataa vart seinare gjennomført, kor det blant anna vart sjekka om gjennomsnittshastigheita var forskjellig ved ulike føreforhold med statistisk signifikans. I tillegg vart det utført regresjonsanalysar for å sjå kor mykje hastigheita endra seg ved ulike føreforhold, for ulike typar syklistar. Ei slett overflate av kompaktert snø viste seg å vera eit vegunderlag med nesten lik gjennomsnittshastigheit som på bar mark. Dersom det derimot låg laus snø på vegbana av kompaktert snø, viste regresjonsmodellen ei tydeleg nedgang i forventa hastigheit. Det same gjaldt for slaps, noko som kan vera ein effekt av høgare rullemotstand. I nedoverbakke vart den forventa hastigheita tydeleg redusert på alle typar vinterføre. Menn i aldersgruppa 30 – 50 år var kategorien med syklistar som var minst påverka av vinterføre, og som hadde den høgaste gjennomsnittshastigheita. Denne kategorien hadde i tillegg høgare del syklistar med spesielt utstyr (el-sykkel, piggdekk, lykt, hjelm og refleksvest) enn den gjennomsnittlege syklisten. During the last couple of years, choosing bicycle as mode of transportation has seen an increasing trend. Traditionally, winter has been the season where bicycles are stored away, as the cold season leads to challenges such as freezing temperatures and poor road conditions. Therefore, the Norwegian Public Roads Administration has increased the focus on making it easier to ride a bicycle throughout the whole year, with improved winter maintenance on facilities for bicycles. Bicycle accident statistics show the relative risk is lower in winter than in summer. This may be a result of experienced cyclists during winter, but it may also indicate more careful cyclists in the cold season. An interesting topic is then to find out what characterizes the typical winter cyclist and how winter conditions affect cycling speed. Winter road conditions is an expression which can mean many different types of road surfaces. Even though the Norwegian Public Roads Administration uses a lot of time and resources on winter maintenance, there are still parts of the road network where cyclists use the bicycle on surface conditions such as snow, ice and slush. This makes it possible to observe winter cyclists on different types of winter road surfaces, to see how the cycling speed is affected by road conditions. Previous studies show a decrease in average cycling speed during winter, but there is no research showing how specific winter road surfaces affects the cycling speed. Registration of cycling speed was completed during the period January to April in Trondheim, Norway. Data was collected through manual observations, where among other things speed, gender, age group and type of bicycle was registered. The speed of 1120 cyclists was measured by a radar, and the measurements were done on different types of winter road surfaces. It was further made analyses of the speed data, where it was checked if the mean speeds on different road surface conditions were statistically significantly different from each other. Additionally, regression analyses were made to see how much the speed changed on different types of road surfaces, for different types of cyclists. A smooth surface of compacted snow was a road surface with an almost similar average speed as on bare asphalt. However, if loose snow were present on the layer of compacted snow, the regression model showed a clear reduction in expected speed. Slush generated reduced speed as well, which may be an effect of higher rolling resistance. Expected speed in downhill was reduced on all winter road conditions. Men in the age group 30 – 50 years old were the category of cyclists least affected by winter road surfaces and had the highest average speed. Additionally, this category had a higher share of cyclists with special equipment (electrical bicycle, studded tires, light, helmet and high visibility vest) than the average cyclist.en_US
dc.description.sponsorshipStatens vegvesenen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNTNUen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectsyklingen_US
dc.subjectvinterforholden_US
dc.subjecthastigheten_US
dc.subjectBygg- og miljøteknikken_US
dc.subjecttilrettelegging for syklingen_US
dc.titleSyklistars hastigheit ved vinterforholden_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber31en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal