Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorØiseth, Ole Andre
dc.contributor.advisorFenerci, Aksel
dc.contributor.advisorPetersen, Øyvind Wiig
dc.contributor.authorStorheim, Ørjan
dc.contributor.authorØstby, Ingvild Kristine Haug
dc.coverage.spatialNorway, Bjørnafjordennb_NO
dc.date.accessioned2019-03-22T07:47:33Z
dc.date.available2019-03-22T07:47:33Z
dc.date.issued2018-06
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2591174
dc.descriptionMaster of Science in Civil and Environmental Engineering. Norwegian University of Science and Technology - NTNU. Department of Structural Engineering.nb_NO
dc.description.abstractStyresmaktene i Noreg har planlagd ein ferjefri stamveg langs vestkysten av Noreg frå Kristiansand til Trondheim, dette prosjektet er ferjefri E39. I dette prosjektet er det planlagd ei bru over Bjørnafjorden. Brua er ei flytebru med eitt spenn støtta opp av brutårn. Denne oppgåva tar for seg den dynamiske oppførselen til brua, med hovudfokus på dynamisk knekking. Knekking er definert som eit fenomen der ein matematsik perfekt struktur oppnår ein likevektstilstand som ikkje lenger er stabil når ei kritisk last vert påførd. Dynamisk knekking inntreff når strukturen vert ustabil ved visse lastfrekvensar og lastamplituder. Lasta fører til at konstruksjonen får stadig aukande deformasjonar utan ei auke i påført last. Parametrisk resonans er eit viktig fenomen som kan opptre ved dynamisk knekking. Han oppstår når to gjenstandar oscillerer saman, der frekvensane er like og ein er ustabil. Konstruksjonen kan verte ustabil grunna parametrisk resonans særskild ved dobbel eigenfrekvens. Ein stor del av denne oppgåva går ut på å etablere kva frekvensar og lastamplituder som gjer brua ustabil. For å etablere dette er det modellert tre ulike modellar, fyrst ei heilt enkel søyle, deretter ein enkel boge og til sist ein forenkla brumodell. Desse vart testa med same type analyser, ei lineær knekkanalyse, ei ikkje-lineær knekkanalyse og ei dynamisk knekkanalyse. I den dynamiske knekkanalyse er lastene som er påført basert på den lineære knekklasta Pcr, ettersom berre den dynamiske oppførselen er ønska er lastene som er nytta under Pcr. Alle dei tre modellane syner den same responsen i dei ustabile områda. Det første ustabile område oppstår rundt eigenfrekvensen, dette er venta ettersom konstruksjonen oppnår resonans når lastfrekvensen er nær eigenfrekvensen. Det neste området med store deformasjonar oppstår rundt den doble eigenfrekvensen. Alle dei tre modellane får store deformasjonar og er utsett for parametrisk resonans. Dei ustabile områda oppstår for laster mellom 0.4Pcr og 0.7Pcr, med unntak av bogemodellen med høg demping der parametrisk resonans ikkje oppstår før lasta er rundt 0.55Pcr.nb_NO
dc.description.sponsorshipStatens vegvesen Region vestnb_NO
dc.language.isoengnb_NO
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectE39nb_NO
dc.subjectStatens vegvesen Region vestnb_NO
dc.subjectFlytebruernb_NO
dc.subjectFerjefri forbindelsenb_NO
dc.subjectDynamikknb_NO
dc.subjectBjørnafjordennb_NO
dc.titleDynamic buckling of end anchored floating bridgesnb_NO
dc.title.alternativeDynamisk knekking av endeforankrede flytebruernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber93nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Avhandlinger [600]
    Inneholder studentavhandlinger skrevet for og i samarbeid med Statens vegvesen.

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal