Eigedomsinngrep: veiledning [Håndbok V740]
Abstract
Med heimel i veglova § 50 fjerde ledd blei det ved kronprinsregentens resolusjon av 15. januar 1965 vedtatt føresegner om saksførehavinga ved eigedomsinngrep. Etter at veglova § 50 blei endra i 1981, blei det ved kongeleg resolusjon av 11. september 1981 vedtatt nye føresegner om saksførehavinga. Desse føresegnene blei, saman med kommentarar til dei enkelte paragrafane, inntatt i Handbok 086 Eigedomsinngrep, datert oktober 1981.
Ved kongeleg resolusjon av 27. august 2004 blei §§ 3 og 4 i desse føresegnene endra. Endringane blei gjort hovudsakleg fordi Vegvesenet sin planleggingsheimel i veglova § 12 blei oppheva, og fordi plan- og bygningslova blei endra. Endringane blei tatt inn i Handbok 086 datert september 2005.
Den 6. mai 2014 vedtok Samferdselsdepartementet ei ny endring i føresegnene. Endringa har sin bakgrunn i at vi har fått ei ny plan- og bygningslov. Endringa gjeld §§ 3 og 4 i føresegnene og er gjort for å få riktige tilvisingar til den nye lova. Endringa er såleis berre av teknisk art.
Denne handboka inneheld føresegnene slik dei lyder etter endringa. Vidare inneheld den Vegdirektoratets kommentarar til føresegnene. Kommentarane er på enkelte punkt endra i høve til dei som bleitatt inn i den førre utgåve av handboka.
Description
Håndboken er utgått og erstattet av V740 (2017).