Show simple item record

dc.contributor.advisorLædre, Ola
dc.contributor.advisorWondimu, Paulos
dc.contributor.authorRøren, Jon-Ove Liaset
dc.coverage.spatialNorwaynb_NO
dc.date.accessioned2017-10-09T11:16:22Z
dc.date.available2017-10-09T11:16:22Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2459173
dc.descriptionMasteroppgave - NTNU - Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet. Institutt for bygg- og miljøteknikk.nb_NO
dc.description.abstractGjennom signal frå nøkkelpersonar i Vegdirektoratet og Statens vegvesen vart det klart at det er rom for forbetringar og innovasjon i dagens vegplanleggingspraksis. Det er mellom anna derfor interessant å sjå nærmare på korleis «parallell regulering og prosjektering» fungerer i praksis og å dokumentere dette. For å undersøke korleis parallell regulering og prosjektering er gjennomført har dei tre følgande forskingsspørsmåla blitt studert: 1. Korleis gjennomfører Statens vegvesen parallell regulering og prosjektering? 2. Kva fordelar og utfordringar oppstår ved parallell regulering og prosjektering? 3. Korleis kan Statens vegvesen gjennomføre parallell regulering og prosjektering i framtidige prosjekt? Metodane som er nytta er litteraturstudie, dokumentstudie, casestudie og casespesifikke semistrukturerte intervju. Litteraturstudiet førte til ein del relevant litteratur, men viste også at det var store hol i litteraturen og at det er behov for dokumentasjon på området. Det er gjennomført ni casespesifikke semistrukturerte intervju med ulike aktørar frå dei tre prosjektorganisasjonane. Sju er internt tilsette i Statens vegvesen, ein er ekstern konsulent og ein er konsulent på oppdrag frå entreprenør. Dei tre studerte casane er «E16 Turtnes – Øye», «E6 Helgeland nord» og «Førdepakken». Resultatet indikerer at fordelane ved parallell regulering og prosjektering er både eit betre produkt gjennom meir fullstendige regulerings- og byggeplanar, og ein betre prosess gjennom tids- og kostnadsinnsparingar. Å få på plass finansiering viser seg å vere den største utfordringa ettersom prosjekteringa må ta til allereie i reguleringsplanfasen. Rapporten konkluderer med at parallell regulering er gjennomførleg, det har vore gjort med suksess, og har nokon klare fordelar. Parallell regulering og prosjektering er å føretrekke i prosjekt som skal gjennomførast innan få år ettersom endringar i omfang eller anna kan ha mykje å seie for kva som skal byggast. Masteroppgåva dokumenterer saman med den publiserte artikkelen, verdifulle erfaringar frå denne parallelle tilnærminga til planlegging. Anbefalt vidare arbeid er mellom anna intervju av fleire nøkkelpersonar, å studere fleire liknande casar, samt å studere kva konsekvensar parallell regulering og prosjektering faktisk har på byggefasen og på den endelege vegen.nb_NO
dc.description.sponsorshipStatens vegvesen Vegdirektoratetnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisher[J.O.L. Røren]nb_NO
dc.subjectProsjekternb_NO
dc.subjectVegplanleggingnb_NO
dc.subjectReguleringsplanernb_NO
dc.titleParallell regulering og prosjektering i vegprosjektnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber106nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • Avhandlinger [594]
    Inneholder studentavhandlinger skrevet for og i samarbeid med Statens vegvesen.

Show simple item record