Verknad av høge fartsgrenser på E39
Abstract
Hensikta med denne masteroppgåva er å undersøke mogelegheiter for og verknadar av veg med
høge fartsgrenser på Vestlandet.
Farten sin verknad på vegutforminga er undersøkt ved ein gjennomgang av teori for geometrisk
linjeføring og tverrprofilutforming. Deretter er sikkerheitsnivået i dei gjeldande delane av norsk
regelverk på dette området samanlikna med tre andre land sine tilsvarande regelverk. Resultatet
viser at norsk regelverk sitt nivå er på høgde med dei andre landa som denne samanlikninga gjeld.
Gjennom samanhengande oppgradering til eit ferjefritt vegsamband med høg standard, skal E39
binde Vestlandet sterkare saman. Desse målsettingane føreset høge fartsgrenser. For å undersøke
mogelegheita for og verknadar av slik vegstandard i vestlandsterrenget, er ei strekning på E39 i Sogn
og Fjordane valt som casestudie. I tillegg til vedtekne føringar for E39 sin vegstandard, er føringane
for arbeidet med ein nyleg vedteken kommuneplan lagt til grunn for dette caset.
Med utgangspunkt i dei løysingane som arbeidet med kommuneplanen avdekka, er det prosjektert
ulike alternativ som medfører ulike fartsgrenser. Deretter er desse alternativa samanlikna ved å ta i
bruk nyttekostnadsanalysen i tillegg til å sjå på omfanget av inngrep i busetnad og vassdrag. Caset
går utanom ikkje prissette tema og utanom ein fullstendig samfunnsøkonomisk analyse.
Prosjekteringa og nyttekostnadsanalysen er utført med bruk av verktøy som normalt vert nytta til
slike oppgåver.
Analysen peikar ut tunnel og bru som særleg kostnadskrevjande element. Alternativa inneheld likt
bruomfang men ulikt tunnelomfang og det fins alternativ som i stor grad unngår tunnel og likevel
held krav til høg fartsgrense. Friheitsgraden for val av ulike alternativ som held krav til kurvatur for
høge fartsgrenser i dette caset, ligg delvis i føringane som gjeld for kommuneplanen og delvis i
terrenget i planområdet. Alternativa som vert vurdert som dei beste i denne analysen ligg i minst
mogeleg grad i tunnel og i størst mogeleg grad utanfor eksisterande veg.
Undersøkinga av caset gjev ikkje ei oversikt over alle mogelege alternativ som fins i planområdet og
heller ikkje nokon indikasjon på i kor stor grad vestlandsterrenget gir høve til høge fartsgrenser på
veg utan å ta i bruk bru og tunnel. Men undersøkinga viser at det kan finnast eignelege løysingar på
Vestlandet utanom vesentleg bruk av bru og tunnel dersom bratte fjellsider og fjordkryssing ikkje er
hovudutfordringa. Undersøkinga viser også at god og framtidsretta vegstandard for høgare
fartsgrenser vil seie at val av kurvatur og tracebreidde også må sikre nødvendige oppgraderingar av
standarden i løpet av vegen si levetid. Når det gjeld bruk av dimensjoneringsklasse H5, indikerer
undersøkinga viktigheita av å sikre tilstrekkelege forbikøyringsmogelegheiter. Undersøkinga indikerer
også nokre fordelar ved bruk av planfritt kryss uavhengig av trafikkmengde.
Description
Master i veg og jernbane. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Institutt for bygg, anlegg og transport.