E39 - Sykkelkryssing Fjøsangerveien
Abstract
Bacheloroppgåva går ut på å utbetre kryssinga av E39 Fjøsangerveien for syklistar. På bakgrunn av mål om auka antall syklistar i Bergen, er det naudsynt å utbetre kryssinga av Fjøsangerveien for å få eit samanhengande og trygt sykkelnett. Planområdet i denne oppgåva er definert frå eksisterande sykkelanlegg i nord til eksisterande sykkelanlegg i sør, og hovudmålet i oppgåva har vore å knyta desse to punkta saman på ein måte som tilfredsstiller krava til eit hovudsykkelnett, og som kan bidra til auka antall syklistar på ruta. Det er i oppgåva vurdert fleire ulike alternativ, både kryssingar i plan og planskilte kryssingar. Endeleg val av løysing er basert på ei samla vurdering drøfting av ulike løysingar, ein silingsprosess av føreslåtte alternativ og krav og retningslinjer i Statens vegvesen sine handbøker. Valt forslag til ny kryssing av Fjøsangerveien er framstilt ved hjelp av ulike programvarer. Det er nytta Novapoint for å framstilla vegmodell, og tekniske teikningar er utarbeida i AutoCAD.
Description
E39 - Sykkelkryssing Fjøsangerveien