Sur avrenning frå rusta svovelførande gneis
Abstract
Rapporten gir eit samandrag av 20 års erfaring med ekstrem sur avrenning frå rusta svovelførande gneis i Lillesand. Undersøkingane bygger på mineralidentifikasjon ved røntgendiffraksjon og kjemisk mikroanalyse; pH-målingar, vasskjemi og stabilisotopar for sporing av forureiningskjelder. Jarosittførande gammal djupforvitring er hovudårsaka til rask syredanning medan pyrrhotitt har ei svært underordna rolle. Resultata har viktige konsekvensar med tanke på klassifiseringssystem for syredannande bergmasse