Rv. 4 på Gran, nyttiggjering av svartskifer: sluttrapport og erfaringer
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2659322Utgivelsesdato
2018-04-26Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I 2013 fekk Statens vegvesen – Prosjekt Vestoppland løyve til å nyttiggjere alunskifer og annan forureinande svartskifer i samband med masseutskifting av ei myr for bygging av ny Rv. 4 gjennom Gran kommune. I løyvet frå Fylkesmannen, Miljødirektoratet (MD) og Statens strålevern (SSV) blei det gitt fleire vilkår som måtte oppfyllast av Statens vegvesen. Dette galdt særleg geotekniske, hydrologiske og geokjemiske forhold i og omkring masselageret; prosedyrar for klassifisering med omsyn til potensial for utlekking av syre og tungmetall og krav til oppfølging i anleggsfasen og driftsfasen. Denne rapporten er eit sluttdokument frå Statens vegvesen til MD og SSV. Rapporten går gjennom alle undersøkingar, analysar og tiltak som er utført og presenterer erfaringar med korleis potensielt forureinande masse kan nyttast som ressurs i samband med vegbygging når forholda ligg til rette for det.